LPP - Pårørende innen Psykisk helse
  • Om oss
    • Kontakt oss
    • Sekretariatet og tillitsvalgte
    • LPP mener
  • For pårørende
    • Tilbud for pårørende
    • Informasjon til pårørende
    • Unge pårørende
  • Lokallag
  • Bli medlem
    • Min side
  • Click to open the search input field Click to open the search input field Søk
  • Menu Menu
  • Link to Facebook
  • Link to Instagram
LPP mener, Nyheter, Sogn og fjordane

Pårørande blir oversett – Vi vil ha samarbeid, ikkje konflikt

Norexy_art pixabay

Pårørande blir oversett – Vi vil ha samarbeid, ikkje konflikt

 

I LPP ser vi dagleg korleis pårørande til menneske med alvorlege psykiske lidingar kjempar ein kamp på fleire frontar. Ikkje fordi vi ønskjer konflikt, men fordi vi vert tvinga til det av eit system som ofte overser oss, mistenkeleggjer oss og etterlet oss åleine med ansvaret. Ikkje alltid – men for ofte.

 

Vi vil bidra – men blir haldne utanfor

Når ein av våre nære blir psykisk sjuk, møter vi hjelpeapparatet med håp om samarbeid, hjelp og støtte. Vi veit at vi ikkje er legar eller psykologar, men vi kjenner den sjuke best. Vi har informasjon som kan vere avgjerande for kvaliteten og gjennomføringa av behandlinga, og vi vil bidra positivt med det vi kan.

«Som regel har vi strekt oss både langt og lenge før hjelpeapparatet kjem på bana.»

Likevel opplever mange pårørande at tenestene lukkar dørene for samarbeid og involvering.

 

Feil bruk av teieplikta hindrar samarbeid

Ei av dei største utfordringane vi møter er mangelen på informasjon. Helsepersonell brukar nokre gonger teieplikta feilaktig som ei orsaking for å ekskludere oss – sjølv når den sjuke har samtykka til samarbeid.

«Det er i liten grad lagt til rette for at vi kan dele viktig informasjon om den sjuke si historie, symptom og fungering. Når spesialistane har fått det dei treng for å setje diagnose, blir vi ofte skyvd til side.»

Mange pårørande opplever å ikkje bli høyrde eller tekne på alvor i det vidare behandlingsløpet, sjølv når vi sit med informasjon som kan vere avgjerande. Forhold som bustad, økonomi, arbeid og nettverk blir i varierande grad ivaretatt av spesialisthelsetenesta, men desse faktorane har stor innverknad på pasienten si psykiske helse og relasjonen til pårørande.

 

Pårørande må fylle hola i systemet

Når hjelpeapparatet ikkje har rutinar for samarbeid, blir det opp til den enkelte pårørande å ta initiativ. Slike initiativ kan bli oppfatta på ulike måtar, og mange pårørande balanserer mellom å prøve å få til samarbeid og samtidig unngå å verke «overinvolverte».

«Når pårørande blir sett på som for pågåande, kan det føre til ekstra belastning både for dei sjølve og for pasienten.»

I verste fall kan dette føre til at pårørande blir omtala i negative ordelag i pasienten sin journal – noko vi har sett fleire døme på. Korleis er det for ein pasient å lese at «Mor er passiv-aggressiv» i sin eigen journal? Korleis er det for mora å vite at hennar forsøk på å hjelpe har blitt definert på denne måten?

Pårørande blir den raude tråden i behandlinga – den einaste kontinuiteten i eit system der fastlegar, NAV, psykiatrar, DPS og kommunale tenester ofte ikkje kjenner til kvarandre sin rolle eller ansvar. Dette er ikkje ein haldbar situasjon.

 

Vi treng ei kulturendring i psykiatrien

Ukom-rapporten «Alvorlege hendingar i psykisk helsevern» (2021) peikar på at samarbeid mellom helsevesenet og pårørande er heilt naudsynt for god behandling og førebygging av alvorlege hendingar. Lovverket er tydeleg:

📌 Helse- og omsorgstenestelova (§ 3-10), spesialisthelsetenestelova (§ 3-8) og pasient- og brukarrettslova (§§ 3-1, 3-3) pålegg helsetenestene å samarbeide med pårørande.

Likevel ser vi at dette ofte ikkje skjer i praksis. Vi treng klare rutinar for informasjonsdeling, system som sikrar samarbeid mellom tenester, og ein haldningsendring der pårørande blir sett på som ein ressurs – ikkje som ei bør.

«Vi ønskjer eit hjelpeapparat som involverer oss – ikkje eit som ekskluderer oss.»

 

LPP forventar handling

LPP krev at helsevesenet tek pårørande si rolle på alvor og sikrar:

  • Opplæring for helsepersonell i pårørandesamarbeid, basert på forsking og gjeldande lovverk.
  • Betre rutinar for informasjonsflyt mellom spesialisthelsetenesta og kommunale tenester.
  • Individuell plan vert teken i bruk der det er tenleg.
  • Tilbod om samtale og involvering for pårørande i behandlingsforløpet.

 

Vi vil ikkje ha meir konflikt – vi vil ha samarbeid. Det skuldar vi dei som er blitt sjuke, og det skuldar tenestene dei pårørande som kvar dag står i ein krevjande og ofte umogleg situasjon.

 

Landsforeningen for Pårørende innen Psykisk helse, LPP Sogn og Fjordane ved styret.

Astrid Gytri, sekretær

18. mars 2025/av Trine Tuvnes
Del dette innlegget
  • Del med Facebook
  • Del med X
  • Del med LinkedIn
https://www.lpp.no/wp-content/uploads/2025/03/man-5135202_1280.jpg 852 1280 Trine Tuvnes https://www.lpp.no/wp-content/uploads/2024/03/LPP-Logo-Hvit-–-Kopi.png Trine Tuvnes2025-03-18 15:44:472025-03-20 12:40:08Pårørande blir oversett – Vi vil ha samarbeid, ikkje konflikt

Søk i arkiver

Search Search

Siste innlegg

  • LPP deltar på Arendalsuka – Norges demokratifestival
  • Sommerbrev fra LPP Bergen og omegn 2026
  • Sammen for bedre selvmordsforebygging
  • Erfaringer som redder liv – Gratis konferanse i Oslo
  • Endringer i psykisk helsevernloven og pasient- og brukerrettighetsloven gir utvidede rettigheter for pårørende ved fare og av hensyn til barn

KONTAKT

Landsforeningen for Pårørende
innen Psykisk helse

Kontakt oss

Wergelandsveien 1-3, 0167 Oslo

tlf 21075433

Vipps: 542029

Org.nr. 976785029

FOR FRIVILLIGE

Portalen for frivillige

Innlogging Cornerstone

 

 

Personvernerklæring

 

FØLG OSS PÅ

Facebook

Instagram

Linkedin

 

LPP Pårørendesentere

  • PIO – Pårørendesenteret i Oslo 
  • Pivete – Pårørendesenteret i Vestfold og Telemark
© Kopirett - Landsforeningen for Pårørende innen Psykisk helse | Utviklet av New Element
  • Link to Facebook
  • Link to Instagram
Link to: Årsmøte i LPP Follo 2025 Link to: Årsmøte i LPP Follo 2025 Årsmøte i LPP Follo 2025 Link to: Årsmøte 2025 Link to: Årsmøte 2025 Årsmøte 2025
Scroll to top Scroll to top Scroll to top
X
X
Vi bruker cookies. Dette gjør bl.a. at nettsiden husker deg og dine valg.