Teieplikt – på godt og vondt

I 2018 starta Nordfjord Psykiatrisenter (NPS), Stryn kommune, Eid kommune og Landsforeningen for Pårørende innen Psykisk helse, LPP, eit samarbeid om «Møteplass – for helsefremmande dialog mellom pårørande og fagfolk innan psykisk helse/rus». Målet er å vidareutvikle og styrke behandling og omsorgstilboda til brukarar og pårørande innan dette fagområdet.

Det vart etablert eit Møteplassteam som fekk opplæring og skal stå for vidare drift av Møteplass. I samband med opplæringa vart det hausten 2018 arrangert 3 Møteplassamlingar på Eid. Både pårørande og fagfolk opplevde at det var nyttig og lærerikt å delta. På Møteplass møtast pårørande og fagfolk til ein likeverdig dialog. Målet er at fagfolk skal få kjennskap til pårørande sine erfaringar, og at fagfolk og pårørande i fellesskap skal reflektere over korleis tenestetilbodet fungerer og kva som eventuelt kan/bør endrast.  Hjelpeapparatet treng kunnskap om den krevjande livssituas­jonen det er å vere pårørande.  Når pårørande fortel om sine erfaringar så ser fagfolk at tenestetilbodet ser annleis ut frå pårørandeperspektivet enn slik dei sjølve opplever det. På Møteplass er dialogen mellom pårørande og fagfolk verkemiddelet for å utvikle betre tenester. Pårørande som har delteke på Møteplass har erfart at det er positivt å møte andre pårørande og fagfolk, og at det er godt å kunne bidra med sin erfaring for at fagfolk skal få auka forståing for pårørande sin situasjon.

Pårørande (foreldre, søsken, vaksne barn, partner o.a.) og fagfolk er velkommen til å delta på Møteplass og dele sine erfaringar og delta i dialogen. Fagfolk er her definert alle som gjennom jobben sin er involvert i den som har utfordringane – eller familien/nettverket deira; personale innan psykisk helse- og rusfeltet i spesialist- og kommunehelsetenesta, fastlegar, PPT, NAV, barnevern, familievern og andre.

Møteplass er eit tiltak for meir brukarmedverknad i kommunane og helseføretaket, og fagfolk kan delta på Møteplass i si arbeidstid etter avtale med arbeidsgivar. Det er sjølvsagt også mulig for fagfolk å delta i si fritid om dei ynskjer det.

Planen er å arrangere 3 møter kvart halvår. Møteplass blir leia av fagfolk som har fått opplæring i konseptet. Ein fagperson og ein pårørande vil innleie med kvar sitt 5 minutt langt innlegg om eigne erfaringar og refleksjon ikring tema.. Dialog og refleksjon er reiskapen som blir brukt på Møteplass for å utvikle ny kunnskap og forbetre tenestene.

Møteplassteamet har sett opp teieplikt som tema på møtet 21. januar. Teieplikt er eit tema som både pårørande og fagfolk opplever som utfordrande å forholde seg til. Teieplikt og rett til informasjon er regulert i fleire lover. Lovverket skal verne om personen sin integritet og teieplikt er viktig for at befolkninga skal ha tillit til  helse- og omsorgstenesta.  Pårørande si erfaring er ofte at teieplikt hindrar at dei får informasjon om kva som skjer med den som er sjuk og at dei sjølve blir utrygge i høve til korleis dei skal forholde seg til den som er sjuk og helsetenesta. Pårørande ynskjer å vere til hjelp, men opplever ofte at det er vanskeleg fordi dei ikkje får nødvendig informasjon.  Helsepersonell har plikt til å verne om opplysningar som gjeld folk sin helse/sjukdom/personlege forhold, men har også plikt til å gi informasjon. Dersom helsepersonell bryt lovverket kan dei risikere å misse autorisasjonen sin som helsepersonell. Dette er utgangspunkt for tema på Møteplass 21.januar på Eid.

For meir informasjon og påmelding kan du ta kontakt med: Eid kommune: Elisabeth Wik Leite, tlf 47653546 Elisabeth.wik.leite@eid.kommune.no, el. Tone Venås, tlf.991048 95
tone.aasebo.venas@eid.kommune.no
LPP Sogn og Fjordane: Astrid Gytri, tlf. 90 13 89 82. E-post: lpp.sfj@lpp.no