«Det som er verst i denne tida er uroen kva som kan skje med son min. Eg har ein vaksen son på snart 50 som har vore sjuk siden ungdommen. Eg sjølv er i risikogruppa og har ikkje mykje å bidra med. Han svarer ikkje når eg ringer og er ein veldig introvert person. Han bur for seg sjølv og har oppfølging av heimesjukepleien og DPS. Han treng medisin kvar dag for sin psykiske sjukdom og diabetes. Eg har ein kontaktperson hos Dps som eg ringer. Har fått bekrefta at Heimesjukepleien kjem kvar dag med medisiner og observerer, og han møter til oppfølging hjå legen. Føler meg no litt rolegare. Eg veit berre det at får han ein ny psykose kan han bli farlig for sine omgivelser. Dette uroer meg mykje. Klarer helsevesenet å fange det opp i denne avlukka tida?»