Møteplass for pårørande og fagfolk - Sogndal

25feb17:3020:00Møteplass for pårørande og fagfolk - Sogndal LokallagLPP Sogn og Fjordane, Møteplass

Detaljer

Møteplass er ein likeverdig og gjensidig møte- og læringsarena for pårørande og fagfolk, der pårørande kan fortelje om sine opplevingar og dele av sine erfaringar. På den måten bidreg dei til at tenestene vert betre, både for den som er sjuk og dei pårørande. Møteplass vert arrangert av Møteplassteamet som består av fagfolk frå Indre Sogn psykiatrisenter og Sogndal kommune saman med representantar frå fylkeslaget av Landsforeningen for Pårørende innen Psykisk helse, LPP.

Møteplass er for alle vaksne som er berørte av at ein person har utfordringar knytt til psykisk helse og/eller rusmiddelutfordringar: det kan vere vaksne born av den sjuke, ektefelle/sambuar/partnar, sysken, foreldre, besteforeldre eller andre omsorgspersonar, vener, naboar og andre.

Tema denne gongen er «HÅP»

For fagfolk er arrangementet frå kl 17-20.

Påmelding og spørsmål på SMS eller telefon til Oppfølgingsteam psykisk helse- og rusteneste, Sogndal kommune på tlf. 92 81 79 49 eller LPP-kontakt Astrid Gytri på tlf. 90 13 89 82.

Tidspunkt

25. februar 2026 17:30 - 20:00(GMT+00:00)

Arrangør

LPP Sogn og Fjordane Lokallag forside Landsforeningen for pårørende innen psykisk helse

LPP Sogn og Fjordane

LPP Sogn og Fjordane lokallag innunder Landsforeningen for pårørende innen psykisk helse. Delta på arrangementer, samtaler og møt andre pårørende...
LPP Sogn og Fjordane lokallag innunder Landsforeningen for pårørende innen psykisk helse. Delta på arrangementer, samtaler og møt andre pårørende

Les mer

Få veibeskrivelse

How do you plan to get there?