Møteplass for pårørande og fagfolk
18nov17:3019:45Møteplass for pårørande og fagfolk LokallagLPP Sogn og Fjordane
Detaljer
Om arrangementet Møteplass er ein likeverdig og gjensidig møte- og læringsarena for pårørande og fagfolk, der pårørande kan fortelje om sine opplevingar og dele av sine erfaringar. På den måten
Detaljer
Om arrangementet
Møteplass er ein likeverdig og gjensidig møte- og læringsarena for pårørande og fagfolk, der pårørande kan fortelje om sine opplevingar og dele av sine erfaringar. På den måten bidreg dei til at tenestene vert betre, både for den som er sjuk og dei pårørande. Møteplass vert arrangert av Møteplassteamet som består av fagfolk frå Indre Sogn psykiatrisenter og Sogndal kommune saman med representantar frå fylkeslaget av Landsforeningen for Pårørende innen Psykisk helse, LPP.
Møteplass er for alle vaksne som er berørte av at ein person har utfordringar knytt til psykisk helse og/eller rusmiddelutfordringar: det kan vere vaksne born av den sjuke, ektefelle/sambuar/partnar, sysken, foreldre, besteforeldre eller andre omsorgspersonar, vener, naboar og andre.
Tema denne gongen er: Korleis lukkast med samordna tenester.
For fagfolk er arrangementet frå kl 17-20.
Påmelding og spørsmål
Påmelding og spørsmål på SMS eller telefon til Oppfølgingsteam psykisk helse- og rusteneste, Sogndal kommune på tlf. 92 81 79 49 eller LPP-kontakt Astrid Gytri på tlf. 90 13 89 82.
Tidspunkt
Sted
Trivselstunet
Fossetunet 1
Arrangør

LPP Sogn og Fjordane
KONTAKT
Landsforeningen for Pårørende
innen Psykisk helse
Wergelandsveien 1-3, 0167 Oslo
tlf 21075433
Vipps: 542029
Org.nr. 976785029
