Nyttårshelsing til alle LPP medlemmer frå styret i LPP Sogn og Fjordane.

Nyttårshelsing til alle LPP medlemmer frå styret i LPP Sogn og Fjordane

Det blir ei litt lenger nyhetsoppdatering frå oss i Sogn og Fjordane denne gangen. Anette har skrive litt om julebordsarrangementet vi hadde i 2021 og så har Astrid skrive litt om andre saker som engasjerer oss.

Fagdagar og julebord 26.-27. november

Vi hadde gleda av å invitere våre medlemmar til fagdagar og julebord.

Vi vart ein gjeng på 17 stk frå vår heile Sogn og Fjordane i Vestland fylke som samla oss på Skei Hotell.

Vi hadde invitert psykiater og fagdirektør Asle Kjørlaug i Helse Førde til å halde foredrag og svare på spørsmål. Temaet var behandling og rehabilitering ved psykoseliding.

Direktør for Psykisk Helsevern og adm direktør for Helse Førde kom for å orientere om Helse Førde sine tilbod og svare på problemstillingar som medlemmane tok opp. Vi fekk til ein god diskusjon om kva vi hadde av ynskjer og kva vi såg av manglar i tenestene for våre kjære som vi er så opptatt av. Det kom mange gode innspel frå våre medlemmar og det vart uttrykt i ettertid at det var godt å få sette ord på kva ein opplever i samhandling med Helseforetaket.

Mykje av tilboda som vi synast mangla vart forklart ved at Covid hadde stoppa ein del av dei planane som dei hadde for Psykisk Helsevern, men vi fekk lovnad om at det skulle kome og vi er einig i at vi skal følge dette opp. Tilbod som vi etterlyste var Møteplass i Sunnfjord og Sogn, erfaringsråd, familiearbeid og aktivitetstilbod ved alle dei 3 DPS i Helse førde sitt område.

Etter den at vi hadde fått fagleg orientering hadde vi ein veldig kjekk middag saman. Nye og gamle medlemmar fekk knytte nye band og utveksle erfaringar. Stemninga var god og mange nye medlemmar var glade for å få snakke med likesinna.

Dagen etter fekk vi ein orientering ved Astrid Gytri som er brukarrepresentant i «Regionalt brukarutval i Helse Vest» om Brukarmedverknad på individ og systemnivå. Det vart også informert om Felles Brukarutval i Helse Førde og Klinikkråd. Hele Førde skal no invitere brukarrepresentantar til å delta i avdelingsråda ved dei lokale DPS.

Anette Vågene Shanks, leiar for LPP Sogn og Fjordane orienterte også om arbeidet som leiar for «Kommunalt råd for menneske med nedsett funksjonsevner i Sunnfjord Kommune».

For mange av medlemmane var desse råda ukjente, men syntes det var positivt at dei kan ta opp generelle saker som gjeld t.d. bustader og aktivitetstilbod med sitt lokale kommunale råd.

Deretter viste vi ein video om behandlingsmetoden som Didrik Heggdal brukar på dei pasientane som systemet kallar behandlingsresistente. Metoden kallar han for BET. Basal Exponerings Therapy.

Vi avslutta dagen med erfaringsutveksling der vi tok opp. Kontaktlegeordninga, Fritt behandlingsval, Samval og pårørandes rettigheitar.

Til slutt hadde vi ein god lunsj saman og tilbakemeldingane var gode.

Det hadde vore spennande og nyttige dagar som gjerne kan gjentakast.

Mvh. Anette Vågene Shanks, leiar LPP Sogn og Fjordane

 

Viktige saker for LPP Sogn og Fjordane

Endeleg ser det ut som corona-pandemien skal gå mot ein ende. For oss her i Sogn og Fjordane så har både corona smitte og samanslåing av fylka Hordaland og Sogn og Fjordane fått stor innverknad på drifta av laget. Når Funksjonshemmedes Fellesforbund (FFO) slo saman fylkeslaga så vart og FFO sitt kontor i Førde lagt ned. LPP Sogn og Fjordane leigde kontor hos FFO til subsidiert pris, men sommaren 2020 sto vi brått utan kontor. Saman med 3 andre brukarorganisasjonar leigde vi nye lokaler i sentrum av Førde, men det synte seg at det fungerte dårleg idet det det vår for dårleg lydisolasjon. Vi har no flytta ut av lokala og skal innan juni gjennomføre samtaler med Sunnfjord kommune om leige av nye kontor. Mykje av arbeidet har skjedd på heimekontor og via telefon. Når vi vart kjent med Teams så såg vi det som eit veldig godt verktøy både til små arbeidsgruppemøte og styremøter i lag med våre brukarrepresentantar.

Gjennom heile pandemien så har vi gjennomført Møteplass – møter i Nordfjord- har kun hatt nokre få avlysingar. Både fagfolk og pårørande seier at Møteplass er ein god plass for dialog om vanskelege tema som vedrøre b fagfolk og pårørande. Tiltaket vart starta opp hausten 2018 med opplæring av fagfolk og pårørande som skal arrangere Møteplass møta. Opplæringa vart gitt av LPP sine Møteplasskonsulentar Lise Årø og Arne Kallekleiv. Fagfolk seier er at dialogane på Møteplass har ført til at dei ser dei pårørande både som ressursar for den sjuke, men har også fått meir forståing for den vanskelege situasjonen som pårørande kan stå i. Pårørande opplever det positivt og støttande å møte pårørande som står i liknande situasjonar, og får gjennom dialog med fagfolk og pårørande meir kunnskap om psykisk helse/rus og tenestetilbodet. Fram til d.d. har det blitt arrangert 2-3 Møteplass – møter kvart halvår på Nordfjordeid. På førre Møteplass kom det fram at Nordfjord Psykiatrisenter hausten 2021 har utdanna mange nye gruppeleiarar for å drive «Psykoedukativt familiearbeid». Som LPP representant og pårørandguide i Møteplass så trur eg at Møteplass har medverka til dette. Nesten uansett kva tema som står på agendaen på Møteplass så handlar det mykje om at pårørande treng å bli sett og høyrt, og at dei treng meir kunnskap om psykisk sjukdom og behandling. Pårørande treng å bli møtt med respekt og få hjelp til å oppretthalde håp.

LPP S&F har gjennom fleire år vore sterkt engasjert for at Helse Førde i samarbeid med kommunane skal etablere Møteplass også i Førde og Sogndal. Vi hadde håp om at vi i dette medlemsbrevet endeleg kunne informere om at datoar for oppstart var klart, men diverre så er vi ikkje i mål med dette. Verken helseføretaket eller kommunane i gamle Sogn og Fjordane har noko anna tilbod til pårørande til psykisk sjuke. Heldigvis finst Rusettervernet (Om Rusettervernet – Rusettervernet i Sogn og Fjordane) som har tilbod til pårørande til rusavhengige.

Ei anna sak som vi i styret i LPP Sogn og Fjordane har vore opptatt av er korleis helsetenestene kommuniserer med pårørande for at rettstryggleiken til pasientane skal bli ivaretatt. Vi har bedt om innsyn i diverse klagesaker som Statsforvaltar og Statens Helsetilsyn har behandla. I fleire av sakene så får klinikkar kritikk fordi §3-9 i Psykisk helsevernloven ikkje er fylgt opp og/eller at pårørande ikkje får den informasjonen dei skulle ha hatt etter Pasient og brukarrettighetsloven § 3-3. Frå pårørande til personar som har vore innlagt både i Helse Førde og andre stader i landet får vi også ein del tilbakemeldingar som handlar om same tema. Det synes som lovverket framleis blir praktisert svært ulikt og at fagfolka er usikre på korleis dei skal forholde seg til pårørande. Pasient og brukarrettighetsloven vart gjort gjeldande for psykisk helsevern frå 2007, men har diverre i liten grad fått nokon konsekvensar i høve til informasjon til pårørande når pasientar innan psykisk helsevern mangla samtykkekompetanse. Veldig mange pårørande har fått tilbakemelding frå fagfolk i psykiatrien om at pasienten er over 18 år og må få bestemme sjølv uansett kor sjuk vedkomande var.

Etter lovendringane som kom i 2017 så vart det tydleg at pasientar som er innlagt på tvang manglar samtykkekompetanse (med nokre unntak) og at Pasient og brukarrettighetsloven gjeld Psykisk helsevernloven – Informasjon til pårørende 2018.PDF (helsedirektoratet.no).

Helse Vest gjennomførte våren 2021 ein internrevisjon på tvang i psykisk helsevern ved alle dei 4 helesføretaka i regionen Her vart det m.a. avdekka at det det framleis er ulikt mellom helseføretak og mellom ulike avdelingar i same føretak korleis lovverket blir tolka på fleire området. Dette synes vi i LPP S&F er for dårleg – ein skulle tru at det etter så mange år med fokus på rett og redusert bruk av tvang så visste alle skilnad på isolasjon og skjerming. Internrevisjonen avdekka også at det var ulik praksis i høve til om pasientar som mangla samtykkekompetanse kan vere frivillig innlagt. Denne saka skulle Helse Vest sende til Helsedirektoratet for avklaring.

Statsforvalteren i Vestland har oppretta ei tilsynssak på Helse Førde på bakgrunn av LPP Sogn og Fjordane si bekymring i høve til dette temaet. Saka er ikkje ferdig behandla.

Vi har ikkje bestemt dato for årsmøte enno, men det vil bli lagt til på LPP sin kalender så snart det er klart.

Velkommen til å ta kontakt med oss.

Astrid Gytri