Møteplass – for helsefremmande dialog mellom pårørande og fagfolk innan psykisk helse/rus – Nordfjordeid måndag 19. november.

Helse Førde og Landsforeningen for Pårørande innen Psykisk helse, LPP, Sogn og Fjordane inngjekk våren 2018 ein avtale om å starte opp «Møteplass».  Nordfjord Psykiatrisenter, Stryn kommune og Eid kommune har i samarbeid med LPP arrangert 2 møter tidlegare i haust og neste møte blir 19. november på Eid. På Møteplass møtast pårørande og fagfolk til ein likeverdig dialog om korleis det er å leve tett på familiemedlemmer med psykiske helseutfordringar og/eller rusproblem og korleis hjelpeapparatet kan bidra med rettleiing og støtte.

Pårørande er her definert som alle (vaksne) som er påverka av at ein person har livs-utfordringar knytt til psykisk helse/rus; barn, søsken, foreldre, besteforeldre, venner, naboar og andre. Fagfolk er alle som gjennom jobben sin er involvert i den som har utfordringane – eller familien/nettverket deira; personale innan psykisk helse- og rusfeltet i spesialist- og kommunehelsetenesta, fastlegar, PPT, NAV, barnevern, familievern og andre.

 

Målet er at fagfolk skal få kjennskap til pårørande sine erfaringar og at fagfolk og pårørande i fellesskap skal reflektere over korleis tenestetilbodet fungerer og kva som eventuelt kan/bør endrast.  Hjelpeapparatet treng kunnskap om den krevjande livssituas­jonen det er å vere pårørande.  Pårørande sjølv er dei som best kan formidle dette. Pårørande som har delteke på Møteplass har erfart at det er nyttig å møte andre pårørande og fagfolk, og at det er positivt å kunne bidra med sin erfaring for at fagfolk skal få auka forståing for pårørande sin situasjon. Når pårørande fortel om sine erfaringar så ser fagfolk at tenestetilbodet ser annleis ut frå pårørandeperspektivet enn slik dei sjølve opplever det. På Møteplass er dialog mellom pårørande og fagfolk verkemiddelet for å utvikle betre tenester.

Møteplass er eit tiltak for meir brukarmedverknad i kommunane og helseføretaket, og fagfolk kan delta på Møteplass i si arbeidstid etter avtale med arbeidsgivar. Det er sjølvsagt også mulig for fagfolk å delta i si fritid om dei ynskjer det. Fagfolk frå alle Nordfjordkommunane og helseføretaket kan delta.

Neste møte i Møteplass er 19. november og temaet er: «Korleis påverkar hjelpeapparatet samspelet i familie og nettverk». Hjelpeapparatet i kommune og helseføretaket  kan påverke familien  til den som er psykisk sjuk på mange måtar. Det er lett å forstå at reduksjon i tal døgnplassar i psykisk helsevern og nedlegging av dagtilbod verkar inn på familiane. Det er ikkje like lett å forstå at t.d. mangel på informasjon til familien også kan få store konsekvensar.

På Møteplass 19. november ynskjer vi å ha fokus på korleis det som skjer i kommunane og psykiatrisenteret påverkar samspelet i familiane og nettverket til den som er sjuk. Her er mange aktuelle tema. Får pasientane nok hjelp frå hjelpesystemet i høve til økonomi, bustad, arbeid, aktivitet og korleis påverkar dette familiane? Korleis påverkar ulike behandlingsmetodar/ideologiar det som skjer i familien? Påverkar hjelpeapparatet samspelet i familien ved å redusere/auke stigma ? Er det andre forhold som er viktig å få meir kunnskap om? Informasjonsutveksling mellom ulike delar av hjelpeapparatet, pasienten og pårørande kan vere ei utfordring.

Pårørande er ofte frustrert over at dei får lite informasjon og kjenner seg avviste når dei tek kontakt med hjelpeapparatet. LPP si erfaring er at pårørande ynskjer veiledning for korleis dei best kan medverke til at den som er sjuk skal bli frisk eller kunne leve eit godt liv med sine helseutfordringar.

Når ein familiemedlem får psykiske helseutfordringar så påverkar det også andre i familien og det kan føre til konfliktar både i høve til den som er sjuk og mellom familiemedlemmer. Nokre gangar er det slik at mor og far oppfattar symptoma ulikt – skulking av skule kan bli oppfatta som «giddaløyse», eller depresjon. Søsken kan bli sint på foreldre fordi dei meiner at den som slit «får alt» og at det ikkje blir stilt noko krav til vedkomande. God informasjon kan løyse opp i konfliktar, redde ekteskap og hindre at søsken kuttar ut kontakt med familien.

Pårørande har ofte stor tiltru til at «ting skal ordne seg» når pasienten kjem i behandling , men mange pårørande opplever dessverre at helsepersonell viser til «taushetsplikt» når dei spør etter råd og rettleiing for å takle kvardagen på ein betre måte. Helsepersonell har taushetsplikt og slik ynskjer vi at det skal vere, men helsepersonell har mykje informasjon og kunnskap som dei kan formidle vidare til pårørande utan at dei bryt taushetsplikta. Når ein som pårørande kjenner seg «sett og møtt» av hjelpeapparatet så gir det ei god kjensle som også den som er sjuk og resten av familien nyt godt av.

Dersom du er pårørande eller fagperson innan psykisk helse/rus så er du velkommen til å delta i dialogen om tema på Møteplass 19. november på Eid.

For meir informasjon og påmelding så ta kontakt med
Stryn Kommune v/ Kristin Heimlid Øiestad– Tlf: 926 21 076
E-post: kristin.oiestad@stryn.kommune.no
LPP v/ Astrid Gytri – Tlf: 90 13 89 82 – E-post: lpp.sfj@lpp.no

Landsforeningen for Pårørende innen Psykisk helse, LPP, Sogn og Fjordane ved Astrid Gytri

MØTEPLASS – arena for likeverdig og gjensidig læring

LPP, Helse Førde og Førde kommune arrangerer 18.april møte for pårørande og fagfolk.

Tema: Pårørande og fagfolk sine forventningar til samarbeid ikring den sjuke.

Stad: Firdavegen 12, Førde. (Avishuset Firda, Øyrane)

Tid: kl. 17.30 til 20.00 for pårørande.

(For fagfolk skal det vere formøte og oppsummering så dei møter kl 17.00 til 21.00)

Enkel servering

 

LPP sine MØTEPLASS leiarar Arne Kallekleiv og Lise Aarø kjem frå Oslo og  skal leie møtet.

 

Pårørande og fagfolk frå kommunar og Helse Førde skal møtast for å utveksle erfaringar, reflektere og diskutere tema knytt til pårørande sin situasjon. Målet er gjensidig læring, forbetring av tenestene og auka mestring for dei pårørande. MØTEPLASS er ein arena  for likeverdig møte mellom pårørande og fagfolk. Det unike er også at Møteplassleiarane og fagfolka etter møtet skal vurdere korleis dei skal nytte ny kunnskap frå møtet på sine respektive arbeidsplasser.

 

LPP Sogn og Fjordane håper at så mange så mulig nytter høve til å delta på møtet den 18.april. Her vil fagfolk lytte til våre erfaringar og meiningar og vi kan medverke til at Helse Førde og kommunane gir våre sjuke familiemedlemar, og pårørande, betre behandling og omsorg.

 

Alle som er pårørande til nokon med psykiske helseutfordringar er velkomne til å delta på møtet. Ein treng ikkje vere medlem/bli medlem i LPP for å delta.

 

Kommunane i Sunnfjord/Ytre Sogn, ved Psykiatriteneste,  har fått informasjon om MØTEPLASS og vi håper at tilsette i kommunane deltek. Dersom du kjenner nokon som arbeider med personar med psykiske helseutfordringar så inviter dei gjerne med på møtet.

 

Dette er eit heilt nytt konsept i Sogn og Fjordane. LPP tok initiativ til oppstart og Helse Førde og fleire kommunar har vist stor interesse og vil bruke MØTEPLASS for å både gi pårørande eit godt tilbod og for at fagfolk skal lære av pårørande sine erfaringar. Erfaring frå andre stader i landet har vist at tenestetilboda i kommune og foretak har blitt endra, og at tilsette sin forståing for pårørande har blitt betre etter deltaking på MØTEPLASS.

 

Planen er at det skal arrangerast 2-3 møter kvart semester med ulike tema i Førde. Det er også i gang planlegging av oppstart av MØTEPLASS i Sogndal og Eid. Det kan vere aktuelt å starte opp i andre kommunar dersom det er interesse for det.

 

For meir informasjon og påmelding kan de ta kontakt med LPP ved Astrid Gytri, tlf. 90 13 89 82 eller Førde kommune ved Liv Stafsnes, tlf. 90 29 66 87

 

Velkomen